fjordfjell

IFMGA Tindevegleiar Sverre Hjelmeland

Om Sverre: www.sverrehjelmeland.com

Alt er skreddarsaum, vi pratar og lagar ein plan

+47 99035444, sverre@fjordfjell.no

Frå Turtagrø påska 2023

Vi blir fleire førerar klare for turar og kurs i heile påska. Sjå www.turtagro.no for info. Påmelding: sverre@fjordfjell.no eller +4799035444

Skiturar

Jobbar helst og mest med folk som ynskjer fleire dagar på tur


Kurs

Saman lagar vi innhaldsrike dagar. Kurs kan vere små og korte, men helst likar eg at kursa går over fleire dagar, gjerne med nokre vekar eller månader opphald slik at ein kan få kvalifisert erfaring på eiga hand

Klatring

Klatrar over heile landet, men spesielt Turtagrø og Hurrungane står hjarte mitt nær. Store Skagastølstind (Storen) og Austbotntind er sjølvsagte favorittar, men ein skal ikkje gløyme ryggane som til dømes Soleibotntind-traversen

Roturar

Er glad i gode robåtar. Då spesielt klinkbygde Nordfjord- og sunnmørsbåtar. Har fleire i ulike storleik og skapnad

Fotografi

Arbeider mykje med fotografi

Gåvekort
Lagar skreddarsydde gåvekort tur, kurs og fotografi

Vi pratast

Hugs å sjekke referansar når du vel førar